Konflikthåndtering – innhold og gjennomføring
Når det oppstår konflikt mellom ansatte, bistår Arbeidsmiljøsenteret med strukturert og profesjonell konflikthåndtering.
Det har vore knytt spenning til forhandlingane om ny IA-avtale. Enkelte har tatt til orde for å skrote avtalen, og har kritisert partane for svake resultat gjennom 17 år med IA-avtale.
Rett før jul blei partane likevel einige om ein ny og endra avtale. Reduksjon i sjukefråværet er framleis høgt prioritert. Målet er ein reduksjon med 10 prosent i avtaleperioden.
Samtidig inneber avtalen at partane forpliktar seg til ei kraftig satsing på å forbetre arbeidsmiljøet på arbeidsplassane. Det blir framheva at både leiarar, tillitsvalde ogverneombod har eit stort ansvar for dette. Organisasjonane forpliktar seg i den samanheng til ei sterkare satsing på skolering av desse gruppene, som Arbeidsmiljøsenteret har omtalt som arbeidslivets heltar.
Avtalen legg også opp til eit meir differensiert arbeid gjennom bransjeprogram eller sektorprogram. Gjennom dette skal det iverksettast tiltak i sektorar med særlege utfordringar, både i offentleg og privat sektor.
Det er også nytt at IA-avtalen og aktuelle verkemiddel no skal gjelde heile arbeidslivet, ikkje berre IA-verksemder som har inngått eigen avtale.
Les meir om avtalen på www.regjeringa.no på arbeids- og sosialdepartementet.
Når det oppstår konflikt mellom ansatte, bistår Arbeidsmiljøsenteret med strukturert og profesjonell konflikthåndtering.
Her kommer en kronikk fra Sigve Mathisen, seniorrådgiver og hovedverneombud i Statped. I det kontorbaserte arbeidslivet er de fysiske møtene i ferd med å forsvinne. Det er ikke en god utvikling. Vi trenger å møtes fysisk. Ikke hele tiden, men innimellom skriver Mathisen.
Hva gjør egentlig et hovedverneombud? Hvordan blir man valgt, og hvilken myndighet har man? Les mer her.