Forhandlingar om ny IA-avtale

Partane i arbeidslivet til forhandlingsbordet om ny IA-avtale

Partane i arbeidslivet til forhandlingsbordet om ny IA-avtale

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie har innkalla til forhandlingar om ny IA-avtale, og forhandlingsstart er i dag, 8.november.

Avtalen om eit inkluderande arbeidsliv har som mål å redusere sjukefråværet,  å få fleire inn i arbeidslivet, og å få fleire til å stå lenger i arbeid.

I oppstarten til forhandlingane har det vore tautrekking mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida om profilen i ein eventuell ny avtale. Særleg har det vore debatt om korvidt IA-avtalen skal medverke til å frede dagens sjukelønnsordning.

Avtalen gjeld mellom staten og hovudorganisasjonane i norsk arbeidsliv. På den eine sida av forhandlingsbordet er LO; Unio, YS og Akademikerne, og på den andre sida er NHO, KS, Spekter og Virke.

Dei fleste er einige om at eit godt arbeidsmiljø er viktig både med tanke på å førebygge og å redusere sjukefråværet.

Arbeidsmiljøsenteret sitt motto " Vi gjer arbeidsdagen din betre", bør difor  vere noko å strekke seg etter for alle partar, også gjennom forhandlingane om ein ny IA-avtale. Og ikkje minst gjennom oppfølgingsarbeidet på arbeidsplassane.

Slik mestrer du stress på hjemmekontoret

19 mai 2025

Som arbeidsgiver har du ansvar for å sikre at dine ansatte har et forsvarlig arbeidsmiljø, også på hjemmekontoret. Dette strekker seg utover de fysiske arbeidsforholdene, og omfatter også psykisk belastning i arbeidshverdagen. Samtidig har hver enkelt arbeidstaker ansvar for å medvirke gjennom å  tilpasse seg så langt det går, gi beskjed når noe ikke fungerer, og sammen med arbeidsgiver eller nærmeste leder komme frem til løsninger som minsker arbeidsrelatert stress.

Scroll til toppen