Din beste arbeidsdag

Heidi Grande Røys (SV) , fornyings- og administrasjonsminister

(2009)

Heidi Grande Røys (SV) , fornyings- og administrasjonsminister
- Korleis ser den beste arbeidsdagen din ut? - Roleg start frå 07.15-08.30 med lokalnyhende, e-postar, P2 og kaffe, då resten av departementet vaknar. Deretter ein travel dag med ei blanding av å møte menneske som kjempar for si sak, helst vere ute på vitjing til ei verksemd eller ein skule, gjerne ein debatt i Stortinget og ikkje minst: avgjere viktige saker for folks framtid. - Kva gjer deg mest glad på jobben? - Flinke, kjekke og blide folk! - Kva kan gjere deg sint? - Slurv, urettferdigheit og viss ting tar uforholdsmessig lang tid. - Kva vil du helst ha endra ved jobben din? - Eg har i grunnen endra både politikk og organisering i departementet sidan eg starta for snart fire år sidan, så no er eg ganske nøgd. No vil eg berre ha eit nytt "åremål", dvs gjere eit godt val og få jobben i fire nye år. Eg har enno mykje ugjort!

Kan møtekultur avsløre arbeidsmiljøet?

27 oktober 2026

Kan det du opplever i møter si mer om arbeidsmiljøet enn medarbeiderundersøkelser? Seniorkonsulent Nina Berg har jobbet med arbeidsmiljø i 40 år og mener møter er en av arbeidslivets viktigste arenaer.

HMS-revisjon - har dere et HMS-system som faktisk fungerer?

24 september 2026

De fleste virksomheter har et HMS-system, dokumenterte HMS-rutiner og internkontroll på plass. Likevel opplever mange at det systematiske HMS-arbeidet ikke gir ønsket effekt. Hvordan kan du vite om HMS-systemet faktisk fungerer, etterleves og bidrar til et tryggere arbeidsmiljø?

Scroll til toppen