STAMIs «faktabok» om arbeidsmiljøet

STAMI med viktig og nyttig  «faktabok» om arbeidsmiljøet på norske arbeidsplassar.

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) presenterte tidlegare i haust ei oversikt med analysar og vurderingar av arbeidsmiljøsituasjonen i norsk arbeidsliv.

Norsk arbeidsmiljøstandard er god, også i internasjonal målestokk.
Men det er ingen grunn til å slå seg til ro. Innsatsen må forsterkast både med tanke på trivsel, arbeidshelse og produktivitet. Faktaboka underbygger tydeleg at norsk arbeidsliv har meir å gå på.

Boka gir ei oversikt over det nasjonale risikobildet når det gjeld arbeidsmiljø og arbeidshelse i ulike næringar og yrke. Det blir slått fast at potensialet for førebygging er betydeleg.

Faktaboka er i eg sjølv ei god grunngjeving av at det må satsast meir på arbeidsmiljøkunnskap både for leiar, tillitsvalde og verneombod.

Faktaboka kan lastast ned på www.stami.no

 

Personvern og cookies