Slutt på livslange yrke?

Automatisering og robotisering fører til utrygge arbeidstakarar, ifølge ei ny undersøking.

Ei ny undersøking i regi av analysebyrået Zynk viser at norske arbeidstakarar i aukande grad fryktar for jobbframtida. Både oljekrise, innvandring, globalisering er blant årsakene. Men ikkje minst er det mange som fryktar at automatisering og robotisering vil føre til at dei misser jobben. Størst er uroa blant tilsette i handelsnæringa, som allereie opplever dette her og no.  Slik banknæringa allereie har gjort i mange år.

På Arnedalsveka blei partileiarane utfordra: Korleis vil de møte dette?

Svara var mildt sagt sprikande. Frå Trine Schei Grande, som hevda at ingen vil bli i same yrke gjennom arbeidslivet sitt, til Bjørnar Moxnes som viste til robotisering i revers: I staden for å bruke heis, leiger ein inn billeg arbeidskraft for å bere materialar opp og ned. Begge har kanskje tatt for mykje «Møllers tran», og det hjelper lite i denne saka.

Så godt som alle parti seier at det trengst ei storsatsing på etter- og vidareutdanning for å møte utviklinga. Men korleis ei slik reform skal finasierast og gjennomførast, gir dei få klare svar på. Dette kan i seg sjølv skape utrygge arbeidstakarar og uro på arbeidsplassane.

I Arbeidsmiljøsenteret ser vi dagleg kor viktig tillit og tryggleik er for eit godt arbeidsmiljø og for høg produktivitet. Difor må både styresmaktene og arbeidsgjevarane vise reell vilje til å investere i dei tilsette sin kompetanse.

Omstilling og kompetansebygging er to sider av same sak. Dette skjer best når arbeidsgjevar og arbeidstakar samarbeider, og når kunnskapen om Arbeidsmiljølova  er god, og spelereglane i arbeidslivet blir etterlevde. Både på den enkelte arbeidsplass og i arbeidslivet generelt. Godt samspel mellom leiar, tillitsvald og verneombod er heilt avgjerande. Desse har nøkkelroller også i det framtidige arbeidslivet.

Arbeidsmiljøsenteret si erfaring er at nettopp dette er sjølve fundamentet for vellukka omstilling. Og endringane kjem til å bli store – også for folk som blir i same yrket i årevis.

Personvern og cookies