Meir kunnskap om arbeidsmiljølova

Foto: Unio/Siv Nodeland

Unio-leiar Ragnhild Lied : Det trengst meir kunnskap om Arbeidsmiljølova og om faktorar som påverkar arbeidsmiljøet.

 

Ni av ti norske arbeidstakarar er fornøgde eller svært fornøgde i arbeidet sitt. Det fører gjerne til at vi gir oss sjølve tittelen verdsmeister i arbeidsmiljø.

Sjølv om det ikkje blir arrangert slike meisterskap. Men den generelle trivselen og gode resultat på ulike indikatorar, tyder på eit arbeidsmiljø i verdsklasse. Men også her til lands finst det svake sider, beint skumle og uakseptable utviklingstrekk.

Difor er det ingen grunn til å slå seg på brystkassa og slappe av. Verken for arbeidsgjevarar eller arbeidstakarar. Og slett ikkje for styresmaktene. Dei lagar lover og reglar, og har ansvaret for budsjettmidlar, til dømes til arbeidstilsynet.

Vi veit stort sett kva som er godt arbeidsmiljø, men det er ikkje enkelt å definere det klart og eintydig. Ein ofte brukt definisjon er «summen av dei fysiske, organisatoriske og sosiale vilkåra på arbeidsplassen som påverkar sjølve arbeidet, arbeidshelsa og velferda for arbeidstakarar».

Dette er ambisiøse mål, og dei  er nedfelte i arbeidsmiljølova. Arbeidsmiljøet skal ikkje berre vere godt – arbeidet skal i seg sjølv vere helsefremmande, og det skal leggast til rette slik at det ikkje gir helseplager! Arbeidsmiljølova har nulltoleranse for trakassering, vald og mobbing!

Arbeidsgjevar har ansvaret for at lova blir følgd, men det er også klart at dei tilsette har plikt til å medverke til at måla blir nådde. Vi skal heller ikkje gløyme at det å møte krav og forventningar, både om innsats og resultat, er naturlege element både i livet og i arbeidslivet.

Eit godt arbeidsliv er lønnsamt, og medverkar til effektivitet og produktivitet. Her har norsk arbeidsliv ein god del å gå på. Sjukefråværet er høgt. Totale kostnader ved arbeidsrelatert sjukdom og skadar utgjer 18 prosent av BNP. Truleg ville kostnadene vore endå større utan IA-avtalen. Trass i manglar, er avtalen viktig, både gjennom å sette søkelys på arbeidsmiljøet, og ved at partane inngår i eit forpliktande samarbeid om ambisiøse mål.

Sjølv om norsk arbeidsliv har høg standard, finst det sektorar og grupper med betydelege risikofaktorar. Ofte gjeld dette grupper som arbeider skift eller turnus. Helsesektoren er blant desse. Ifølge professor Jan Erik Karlsen er sjukepleiarane den mest utsette gruppa i arbeidslivet. Dei skårar «høgast» av alle yrke på 15 av 36 arbeidsmiljøfaktorar. Helsesektoren er helsefarleg, seier han.

Truleg er det slik at i sektorar der det er stor risiko for akutte skadar eller feil, blir også krava til førebygging og gode rutinar ekstra sterke? Dersom ein ikkje tar HMS alvorleg, risikerer ein tap av både pengar og omdømme. I verksemder der dei tilsette arbeider med og for folk, kjem skadane i større grad på lengre sikt. Det kan svekke fokuset på nødvendige tiltak, enten det gjeld førebygging eller tiltak her og no. Det psykososiale arbeidsmiljøet må høgare på dagsordenen!

Det finst også andre mørke sider ved norsk arbeidsliv: arbeidsmiljøkriminalitet, menneskehandel og sosial dumping. Kampen mot slike uakseptable forhold må førast på brei front, og gjennom samarbeid mellom mange aktørar.

Eg er redd for at dei stadige kampane og omkampane om arbeidstid og arbeidstidsordningar kan svekke samarbeidet om å oppretthalde og vidareutvikle verdas beste arbeidsmiljø. Her må ikkje minst arbeidsgjevarar, men også styresmaktene, vurdere om til dømes presset på normalarbeidsdagen gir den gevinsten dei håper på. «Permanent omstilling» blir brukt som eit slagord for å legge press på arbeidstida. Men det er nettopp under omstilling det er nødvendig med samarbeid og tillit. Angrep på arbeidsvilkår har motsett effekt.

Kunnskap og kompetanse er blant dei uttrykka som oftast er brukt i arbeidslivsdebatten.

Spørsmålet er om det på norske arbeidsplassar er god nok kunnskap om arbeidsmiljølova og om sentrale arbeidsmiljøfaktorar.

Eg er sikker på at det må satsast meir på denne kunnskapen, både for arbeidsgjevarar, tillitsvalde og verneombod. Særleg om vi framleis skal ha ambisjonen om eit arbeidsmiljø i verdsklasse.

Personvern og cookies