Inspirert av IA i åtte år

(2011)

Time Elektro signerte IA-avtale i 2003, og er framleis strålande fornøgd. No skal Time Elektro på Bryne fornye avtala, og el-installatøren sitt IA-arbeid går jamt og trutt vidare. Då Idébanken besøkte Time Elektro for åtte år sidan, traff vi ein dagleg leiar som såg stor nytte av IA-avtalen. Det gjer han fortsatt. – Det blei ein annan verden med IA-avtalen, seier Odd Arne Bakker, som er svært nøgd med Arbeidslivssenteret og IA-rådgjevarane. – Eg fekk hjelp til å ta tak i nokre vanskelege fråværssaker, og sidan har ting gått bra. Eg veit kva for knappar eg skal trykke på og kven eg skal kontakte. Han trekker fram nyheitsbrevet «IA-nytt» og det rike kurstilbodet som veldig nyttig.
Idébanken 20.05.11

Personvern