Blir det varslingsombod?

Varslingsutvalet har foreslått at det skal opprettast eit eige ombod for varslingssaker. Arbeidstakarar er for, arbeidsgjevarar er imot.

Det regjeringsoppnemnde varslingsutvalet har foreslått ei rekkje endringar når det gjeld reglar og rutinar for varsling. Eit av hovudforslaga er å opprette eit eige varslingsombod. Høyringsrunden er no i sluttfasen.

Så langt peikar det i retning av at forslaget om eit varslingsombod splittar arbeidstakarsida og arbeidsgjevarsida. Både Spekter og NHO er kritiske, og seier nei, ifølgje Dagens Perspektiv. Også nokre få arbeidstakarforbund er skeptiske. Men både Unio, LO og YS går innfor at det blir oppretta eit eige varslingsombod. Særleg argumenterer Unio, som lenge har foreslått eit slikt ombod,  tydeleg for at dette er eit viktig tiltak.

No skal Arbeidsdepartementet vurdere høyringsinnspela, og så er det opp til statsråd Hauglie og regjeringa å ta stilling til dette, og mange andre forslag frå varslingsutvalet.

Meir om NOU 2018:6 Varsling – vern og verdier, på regjeringa.no

 

Personvern og cookies