Alkohol og arbeidsmiljø – sider av same sak?

Tekst: Kjetil Frøyland (2008)
Aukt alkoholbruk i samfunnet har ført til meir arbeidsrelatert forbruk. Tilsette drikk i gråsoner mellom arbeid og fritid, der arbeids­regle­mentet har uklar status og individuelle preferansar får friare spelerom.
Av Kjetil Frøyland Direktør AKAN kompetanse­senter

Gråsoneaktiviteten verkar inn på arbeidsmiljøet både i positiv og negativ forstand. Samstundes er denne miljøskapande aktiviteten i liten grad tema i norske verksemder. Manglar arbeidsmiljøansvarlege verktøy for å omtale dette? Puben som arbeidsplass «Att «after worka» är ett uttryck som blivit alt vanligare och som avser att man går ut på krogen i direktanslutning till arbetet, istället för att åka hem», skriv den svenske forskaren Dan Porsfelt. Han har funne ut at «after work» no er blitt så vanleg innafor fleire bransjar i Sverige at «puben» i mange tilfelle framstår som verksemda sitt «tredje rom». For på puben pleiar tilsette relasjonane sine til medarbeidarane på jobben, diskusjonen går om både sosiale og faglege forhold på arbeidsstaden, idear vert lanserte og alliansar bygde. Det som skjer blant tilsette på utestader etter arbeidstid verkar tilbake på arbeidsmiljøet i verksemda: «Du kanske känner dig ledig och fri i barmiljøn. Men du blir fortfarande bedömd, både av kollegor och av chefer. Alt du säger eller gör kan vändas till din fördel eller nackdel…» Fenomenet eksisterer i Noreg også. Sjølv overhøyrte eg berre for få månader sidan frå mitt eige kontor ein innleigd IT-konsulent i telefonsamtale med ein annan om planane for dagens «after work». Kor mange viktige avgjerder er i realiteten tekne i norske arbeidsliv ein sein kveldstime over ein halvliter saman med nokre få «utvalde»? Ingen veit.

Arbeidsmiljøet – rusmiddelfri sone?
Alkoholbruken i Noreg har stige sidan 1980-tallet. Vi drikk no meir enn vi har gjort på 140 år. Nye generasjoner stadig meir enn dei førre, og dei tek med seg den aukte alkoholbruken gjennom livet (Horverak 2007). Når høgere forbruk blir vanleg, vert oppfatninga av kvar grensene for ein trygg alkoholbruk går også endra. Mens 89% av folket i 1964 meinte at det å bli sterkt berusa saman med venner eit par gonger i månaden var eit teikn på alkoholmisbruk, var det berre 47% som meinte det same i 2006 (Nordlund 2008). Arbeidslivet har lenge blitt oppfatta som ei rusmiddelfri sone. Dette er også i hovudsak riktig i høve til utføringa av arbeidsoppgåvene, men det er heilt klart ikkje riktig dersom det er miljøet mellom dei tilsette ein fokuserer på. I sosiale samanhengar mellom arbeid og fritid inngår ofte alkoholen som ein sjølvsagt del. Det kan dreie seg om fredagspils, julebord, sommarfestar, seminardeltaking, teambuilding og andre sosiale aktivitetar som kan knyttast til arbeidsfellesskapet. Sverre Nesvåg viser i si doktorgradsavhandling at det er ein klar samanheng mellom tilsette si reiseverksemd og deira arbeidsrelaterte alkoholforbruk. Nesvåg fann også at 30% av arbeidstakarane hadde drukke alkohol i arbeidsrelaterte situasjonar i løpet av dei siste to vekene, og at 23% av totalforbruket blant dei tilsette var arbeidsrelatert. Arbeidsforskings­instituttet (AFI) si evaluering av AKAN (2005) viste at i over 40 % av norske verksemder drikk tilsette og leiarar alkohol i samband med sosiale arrangement i regi av verksemda eller tilsette.

Alkoholbruk – eit positivt bidrag?
Forsking har påvist positive effektar av alkoholbruk blant anna ved å bidra til avslapping, dempa jobbstress, styrking av sosiale relasjonar og bygging av fellesskap. I følge AFI vurderar ein av fire norske arbeidsgivarar også alkoholbruken blant tilsette til i hovedsak å verke positivt inn på arbeidsmiljøet. Alkoholbruk blant tilsette vert med andre ord oppfatta som eit trivselsskapande og miljøfremjande verkemiddel. Og det er ikkje rart. Alkohol er ei kjelde til hygge og kos. Om lag 90% av det norske folket drikk alkohol. Samstundes er det slått fast at alkohol ikke er nokon «ordinær vare» (Babor et al 2003). Parallelt med hygga kan ein bli påverka i retning av avhengighet. Forsking har også slått fast at jo høgare forbruk i eit samfunn, jo fleire problem blant folk generelt (SIRUS). Og ikkje alltid stoppar konsumet når den positive verknaden er nådd. Mange ulykker og skader oppstår i fylla. Gjelsvik (2004) har rekna ut at alkoholbruken årleg kan kosta det norske arbeidslivet så mykje som 11-12 mrd kroner. Det aller meste knytta til tapt forteneste som følge av lågare arbeidskapasitet. Alkoholbruken får slik noko dobbelt og tvetydig over seg. Dette janusansiktet bidreg til å gjera temaet vanskeleg for arbeidsgivarane å ta tak i. For på den eine sida er alkoholen i hovudsak ei kjelde til glede og sosial hygge for fleirtalet, og ei utfordring berre for nokre få. På den andre sida viser studiar at sjølv om det er dei som brukar mest rusmidlar som vert utsette for høgast risiko, er dei samla problema større knytta til dei moderate forbrukarane, fordi dei er fleire (Mangione et al. 1999). Dette inneber at det for arbeidslivet er mest forteneste å henta i å gjera noko med rusmiddelbruken til dei moderate forbrukarane, og dermed oss «vanlege» tilsette. Dermed er vi tilbake på puben og i gråsona mellom arbeid og fritid. Kor lett er det å ta tak i gråsonene kring norske arbeidsmiljø i dag? Har vi reiskapane til det? Er det i det heile mogleg å setja ord på nokon sin alkoholbruk utan å verta stempla som festbrems? Å omtala nokon sin alkoholbruk er framleis eit tabuområde ikkje berre i arbeidslivet, men også i samfunnet elles. Vi har dei seinare åra blitt meir opne kring fleire emne som før var tabu. Vi kan snakke om psykiske lidingar og kosthald. Vi har utvikla ein slags felles terminologi som har gitt oss høve til å setja ord på vanskelege tema med mindre stigma enn før. Språk skapar muligheter. Ved å arbeide med språket kan ein også endre oppfatningar om røynda. Reorganisering av diskursar i verksemda kan skapa endringar i arbeidsmiljøet. Men førebels ser det ut til at ei «lingvistiske vending» ikkje har skjedd på arbeidsmiljøområdet når det gjeld omtale av alkoholvanar. Kan vi læra å snakka om arbeidsrelatert alkoholbruk på ein konstruktiv måte? Kan ei språkleg opprusting gi oss muligheter til å handtera gråsoneaktivitetar betre? AKAN kompetansesenter rår til at verksemder gjennom rusmiddelpolicy og interne dialogverkstader byggjer kultur for å definera konstruktive nivå av arbeidsrelatert alkoholbruk. Utvikling av terminologi på dette området kan gjera balansert alkoholbruk mogleg for fleire, og gi arbeidsmiljøarbeidet fleire bein å stå på.

Personvern og cookies